22. november 2010

Ukas foto (47)

Inger Lise skriver slik på bloggen sin om dette fotoet:
" Mitt beste foto er tatt i Sanvedparken. Bilde er av ei lita elv som ligg i Sandnes. Bildet er tatt med Nikon D40. Det er tidlig på hausten, dermed er det ganske grønt ute ennå. Idéen bak dette bildet var at meg og Marie gjekk ut for å ta nokre fine haustbilder. Du kan sjå fargespelet i vatnet ettersom vannet så vidt rørar på seg nedover mot sjøen. Det er ein god balanse i dette bildet. Komposisjonen og bevegelsen i bildet gjer det ganske harmonisk og fint å sjå på. Lyset er nesten magisk og du føler nesten at du ser på eit bilde i frå ei eventyrbok. Eg har redigert bildet i iPhoto for å få eit meir varmare preg på bildet og for å få meir kontrast. Fargane gjer at bildet blir spesielt på ein heilt eigen måte. I tillegg til bevegelsane i vatnet, får du også bevegelse ved hjelp av skrålinjene som er langs elvekanten og i greinene. Dermed får du ein følelse av at vannet renn vidare, og ikkje står stille. Det eg har lært med dette bildet er at skrålinjene er viktig for å få ein god bevegelse i bildet. "
Grunnen til at valde dette bildet er fordi det er fargerikt, stemningsfullt, du kan sjå bevegelsane og skrålinjene i bildet. Det er veldig innteressant å sjå på på grunn av at det skjer mykje i bildet. Men likevel er fargane og skrålinjene ikkje så sterke at det overkjøyrer resten av bildet. Dermed er bildet veldig harmonisk og fredfullt."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar