20. januar 2011

Første læringsoppdrag

Regine skriver dette på bloggen sin:
"Vårt fyrste læringsoppdrag var å ta bilde av skulen, Vågen vgs., med vekt på utsnitt, lys, komposisjon og detaljer. Me skulle ta minst 50 bilder.
Det fyrste bildet er av eit dørhandtak, der eg stod på innsida. Her har eg tenkt på detaljene som vanndråpane, og lyset som blir reflektert frå glaset i døra.


Det andre bildet er av kaffe på eit bord. Eg likar korleis blitsen frå kameraet blir reflektert tilbake på kaffen. På bildet har eg fokusert mest på nyansane og lyset i kaffen.






I det siste bildet har eg valgt å fokusera på komposisjon og lys. Kontrasten mellom den tjukke klare "stolpen" og den mindre, meir uklare "stolpen", syns eg er interessant. Bildet er av eit bord og to "stolpar".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar