28. januar 2011

Utstilling Arnulf Rainer

Vilde V. skriver i bloggen sin: "Tysdag 25. januar var fotogruppa på Stavanger Kunstmuseum for å sjå ein utstilling med bilete laga av Arnulf Rainer. 

 Arnulf Rainer er ein austerisk kunstnar. Idag er han 82 år gamal og kvar laurdag måler han nesten heile døgeret.
Bileta me såg var eit utdrag frå fleire seriar og viste korleis Rainer stadig brukte nye teknikkar og laga ulike uttrykk opp gjennom karrieren sin.
 Eg likte at bileta var henta frå eit så bredt tidspenn slik at ein kunne sjå utviklinga hans.
Dette er nokre av bileta som var frå byrjinga av karrieren hans. Bileta til venste er surrealsistiske teikningar med blyant og blekk. Bileta til høgre er blindteikningar, laga litt seinare.

 Ein anna teknikk Rainer brukte var å ta portrett (av seg sjølv, andre menneske og statuar som på bileta øverst), for deretter å arbeide oppå dei med fettstift og lage riper med kniv. 
Det eg synes var fint med dette var korleis han både forandra og framheva bodskapen i biletet.  Sjølv meiner eg nokre av bileta vart veldig valdsame og ubehagelege å sjå på. 
Desse bileta er nyare og det var desse eg likte best i utstillinga. Sjølv om portretta var intressante og spanande ville eg mykje heller hatt desse på veggen heime for å sjå på kvar dag.  
Etter at me såg utstillinga hadde me ein workshop der me sjølv laga sjølvportrett inspirert av korleis Rainer gjorde det; fettstiftar på fotografi.
Eg valgte å framheve der skjelettet laga lys og skuggar, spesielt på hendene, og å rable med og dra ut fettstiftane slik at det såg meir grotesk ut. Eg lot augene vere i fred sidan dei allereie var ekle.
Resultatet vart slik:"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar